mandag 16. september 2013

Farvel min ven!



Er spørsmålet eg har stilt meg sjølv i det siste. Eigentleg har eg stilt meg sjølv det spørsmålet frå den dagen eg tok beslutninga om å ha ein blogg som var skrive på bokmål. Hovudsakleg tok eg det valget av praktiske årsaker, til dømes for at google sin søkemotor lettare skulle klare å fange opp innlegga mine, slik at eg på den måten kunne gjere meg forstått og nå ut til fleire. Sjølv om dette var gode grunnar til å skrive på bokmål, kjendes det litt unaturleg og trist å ikkje praktisere eit særpreg som er ein del av min identitet, så etter berre eit par innlegg endra eg det til nynorsk.

No som bloggen har byrja å ta litt fart og trafikken kjem ifrå ulike kantar på planeten, vil eg at den skal vere så forståeleg som mogleg. Eg har blitt gjort oppmerksom på at nynorsken min blir ein smule kryptisk når den blir oversatt til engelsk, og eg har av den grunn bestemt meg for å skrive på bokmål, slik at alle kan få ein bit av kaka. Bokmål er ikkje framandt for meg då eg i oppveksten nesten utelukkande starta kvar einaste leik med å seie ‹‹skal vi leke?›› på same måte som dama på barnetv. Det gav meg kjensla av å ha fått innpass til noko viktig, nesten som at kvardagen med dialekt var ‹‹på liksom››, og no kunne det verkelege livet byrje. Eg har med tida vorte veldig stolt av å ha nynorsk som morsmål, samtidig som at eg erkjenner at det tilhøyrer ei mindre gruppe, og forstår at det kan vere tyngre å lese.

I fyrste klasse lærde eg å lese og skrive på bokmål, og eg las ifrå lærebøkene med det tonefallet som går hand i hand med den breie dialekta eg har. Eg kunne ikkje lure nokon, identiteten min skein igjennom. Truleg vil dette anten åpne eller lukke dører, og for dykk som har trede innanfor dørstokken håpar eg de vil fortsette lenger inn for å sjå, for eg har mykje meir eg vil vise dykk.

Ha ei flott veke fine folk!

7 kommentarer:

  1. Eg forstår godt at du gjer dette , eg har også gjort det når eg veit at den som les må bruke Google oversettar.
    Vi får sjå positivt og stort på det og feire at vi beherskar iallfall to målføre :)
    Lukke til vidare Wenche. Eg fylgjer deg anten det er nynorsk eller bokmål.
    Klem frå tante.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig med deg tante. Det blir litt for dumt å lage prinsippsak ut av slikt, vil heller prøve å inkludere flest mogleg! :) Takk for fine ord og støtte, eg er so glad for kor aktiv du er med kommentarar og feedback på bloggen min, det gledar eit bloggehjarte!

      Ps. Eg syns du skal blogge om oppussinga på Rissa!
      Klem frå tantebarnet

      Slett
  2. Oppdaget bloggen din nå, så utrolig flink og kreativ du er!
    Ergrer meg litt over at jeg ikke har vært innom før, for nynorsk <3 det setter en ekstra vakker spiss på tekst synes jeg. Men vet at det dessverre er mange som har et anstrengt forhold til et av våre to skriftmål. Skjønner godt bytte, men kanskje at noen dager så roper nynorsk hjertet ditt og det bare må ut noen ord? ;)

    Superfin dag til deg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! :) Jeg synes det er spennende med språk og alt det som hører med, men forstår som sagt at det kan være litt tungt å lese. Og så er det jo noe med det at man gjerne vil inkludere de som må bruke google translate, og sidan bloggen handlar om interiør og kreativitet får eg vel heller prøve å fokusere på det ;)

      Ønsker deg en superfin dag tilbake! :)

      Slett
  3. Å, dette var trist lesing for eit nynorsk-hjarta! Sjå feks på hjartesmil! Ho skriv på nynorsk, men har eit lite avsnitt nederst på engelsk for internasjonale lesarar. Kunne det vore ei løysing? Når det er sagt skjønar eg problemstillinga med at det vert vanskelegare for søkarar å finne bloggen og ulike innlegg. Det er definitivt ei ulempe med måten internett fungerar på! Du har uansett ein veldig fin blogg, sjølv om den hadde vore endå finare på nynorsk ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Oh no! <3 Hjartesmil har utan tvil løyst dette på ein fin måte, men eg er redd eg hadde forvirra lesarar med ei blanding av bokmål og nynorsk, då eg hadde vore tvungen til å skrive enkelte ord og setningar på bokmål, nettopp på grunn av desse søkemotorane som er så viktige.

      Du skal vete at det var ei tung avgjerding å ta, og at eg framleis er nynorsk på innsida :)

      Slett