onsdag 3. april 2013

Gruppeprosjekt fotostyling




"Presenter 10 ulike fargar maling i ein styling beståande av 3 bileter".





Styling: Karina Johnsen, Sille Tingstadengen, Emma Jokela, Hege Lindahl og Wenche With.
Fotograf: Sveinung Bråthen.




Under studietida mi på Westerdals School Of Communication var eg så heldig å få eit lynkurs i fotostyling av Aina Sollie Steen, An-Magritt Moen og Sveinung Bråthen. Utrulig flinke folk...Om du ikkje dreg kjensel på desse namna er google din ven. No time like the present! Eller på 1, 2 og 3: 


Aina Sollie Steen



Fotostyling er å vise fram produkta frå si beste side. Ein skal skape ein illusjon for lesaren om at miljøet fortset utanfor linsa på kameraet. Ein må tenke komposisjons-oppbygging gjennom bildeutsnitt - ikkje som i det verkelege rom. Det er difor ein god regel å sjå på stylingen igjennom linsa på kameraet for å kontrollere at blant anna komposisjonen får riktig oppbygging. Fotostyling for magasin skil seg frå andre stylingar på den måten at den må få vere litt "naken" for å gi rom til det grafiske, tekst. 


Dette er eit gruppeprosjekt eg er over gjennomsnittet begeistra for. Vi hadde ein fin dynamikk i gruppa, noko eg syns skin igjennom i bileta. Det sarte og lyse mot det sterkt kulørte gir meg ei slags sjelero.


4 kommentarer:

  1. Omg ej elska ditte her! Ej vil ha sånn rom ;___;

    SvarSlett
  2. Helt fantastisk! Så idyllisk og deilig!

    SvarSlett
    Svar
    1. Du gjer meg/oss glad! ha ein fin dag! :)

      Slett